|
tirsdag 25. mars 2008 |
|
Biletet av ein avslappa og smilande driftsleiar fortel det meste om situasjonen i skisenteret 3. påskedag. Det er godt å sitje med beina høgt og kvile ut etter ei travel påskeveke. Heiser og maskiner står stille og einaste lydane vi høyrer er gravemaskiner som byggjer veg til hyttefeltet på Furuhogane, og folk som snikrar på nokre av dei mange hyttene som er meir eller mindre ferdige i nabolaget.
Oddgeir har god grunn til å vere blid etter ei påske der vi har sett nye rekordar både når det gjeld besøkstal og omsetning. Vi passerte 2 mill i billettomsetning for sesongen i løpet av påska, og det er vi godt fornøgde med.
No kviler vi ein dag eller to, men så er vi klar igjen til ny innsats mot helga. Vi tek gjerne i mot dei skulane som ikkje har avvikla skidag, eller vil ha ein ekstra skidag, og så er det kveldskøyring fredag og vanlig opningstid laurdag og søndag. Vi har rikelig med snø i alle nedfartar, og no er vi inne i den finaste tida for skiturar i fjellet.
|