|
fredag 21. mars 2008 |
Puhh! I dag blei det fullt!
Fleire dagar med snøfall og gode utsikter til å få sjå sola i dag, fekk folk til å gå i kjellar og på loft etter skiutstyr i dag tidleg, for så setje kursen i retning av Harpefossen. Vi har aldri hatt så mange gjestar på ein dag, og kapasiteten i skisenteret blei strekt til yttergrensene. Det blei dessverre fullt på parkeringsplassane, slik at mange måtte parkere langs vegen heilt fram til Espe Trevare. Men når folk kom seg ut i løypene og bakkane, fekk dei oppleve sjeldant flotte forhold. Godt skiføre, glimrande preparerte løyper og eit yrande folkeliv i heile skisenteret!
No er det meldt meir bra ver i påska, så brøytemannskapet vil sørgje for fleire parkeringsplassar til dei komande dagane, og då håpar vi alle kjem attende til flotte skiopplevingar i løyper og bakkar. Ver tidleg ute og følg anvisning frå parkeringsvaktene.
|