|
Leik og moro for store og små |
|
onsdag 19. mars 2008 |
|
Frå torsdag og kvar dag framover får vi besøk av sjølvaste påskeharen, og vi prøvar å få til litt leik og moro for både store og små kvar dag. Fredag klokka 14.00 blir det akekonkurranse i skileikområdet, laurdag arrangerar alpingruppa alpinrenn i Telenor-karusellen, også det klokka 14.00, vi veit at snowboard-gjengen arbeider med planar om eit arrangement ein av desse dagane og kanskje blir det også eit hopprenn. Det blir høve til grilling i skogen i skileikområdet, og på varmestova blir det afterski fredag ettermiddag og kveld.
|