|
lørdag 23. februar 2008 |
|
Mange har sikkert fått med seg gjennom andre medier at vi hadde ei ulukke i bakken i går. Ein 8 -10 år gamal gut køyrde ut av løypa og hamna i ei opa grøft/elvefar ved sida av løypa. Dette skjedde i skogsløypa på austsida av heisane, midt mellom heisstasjonane og Lystlihogjen. Dei var heldigvis fleire i følgje, og kameratane fekk varsla onkelen til guten, som var i området. Han fann nevøen sin utan medvit delvis i vatnet, men etter å ha fått hjelp kom han etter kvart til seg sjølv igjen. Onkelen fekk varsla oss i skisenteret og vi ringde alarmsentralen. Sjølv om minuttane er lange når du ventar på legehjelp, så var ambulanespersonell og lege frå Eid på plassen etter kort tid, og det gjekk heller ikkje lenge før lutftambulansen var på plass og fekk frakta guten til sjukehus. Meldingane derifrå går ut på at han har fått skadar i hovudet og brot i ein arm, så får vi berre håpe at han kjem frå dette utan varige skader.
|