|
Byggestart på Kjenndalsheisen |
|
lørdag 05. juni 2010 |

Anleggsmaskiner har vore i sving ei stund med vegbygging til den nye Kjenndalsheisen. Denne veka blei tomta til heishuset gjort klar, og måndagskvelden var eit arbeidslag i gong med å setje opp forskaling for å gjere klart til støyping av fundament.

Mykje kompetanse og erfaring samla: Frå venstre: Oddgeir Åsebø, Arvid Remme, Reidar Vonheim, Rune Espe og Kåre Magnar Naustdal.
|
|
|
kr 5.000,- til Marthe og Bjarte |
|
lørdag 29. mai 2010 |

Frå venstre: Marthe Bjørhovde, Ester Anny Skrede i Sparebanken S&Fj og Bjørn Kjørstad. Bjarte Solvang hadde dessverre ikkje høve til å vere til stade.
På Harpefossen har vi hatt ein konkurranse i Alpinorientering gåande det meste av sesongen, i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane. Konkurransen har gått ut på å finne postar som har vore plassert ut rundt om i alpinanlegget, og svare på spørsmåla på desse postane.
Vi har no kåra vinnarane av konkurransen. Ein vinnar blei trekt ut mellom alle som hadde svara rett på alle oppgåven. Dette blei Bjarte Solvang frå Svelgen. Han fekk eit gåvekort på kr 5.000 frå G-Sport Måløy. Den andre vinnaren var den som hadde svart rett på alle oppgåvene og hadde flest turar med heisane gjennom sesongen. Dette var Marthe Bjørhovde frå Haugen. Ho er registrert med nærare 500 turar i billettsystemet gjennom sesongen, og blei den lukkelige mottakar av eit gåvekort på kr 5.000 frå Chatlet Sport. Ho kunne fortelje at ny sykkel og miniski stod øverst på ønskjelista når gåvekortet skulle brukast.
Vi kjem sikkert til å gjenta denne konkurransen den komande sesongen, og med litt betre marknadsføring trur vi at mange fleire kjem til å delta i denne familievenlege konkurransen, ikkje minst på grunn av dei rause premiane.
|
|
|
Vinnarane i fotokonkurransen er kåra |
|
tirsdag 13. april 2010 |

Juryen hadde ei vanskelig, men trivelig oppgåve å plukke ut dei beste bileta i fotokonkurransen. Vi fekk inn ca 100 flotte og varierte bilete. Alle er blitt nøye vurderte av den ubestikkelige juryen, som har bestått av Steinar Engeland (formann), Jarle Tor Åsebø og Stein Bjørhovde. Vi enda opp med 6 bilete som vi gjerne vil premiere. Her kan du sjå vinnarbileta og lese juryen si grunngjeving for kåringa.
|
|
Les meir...
|
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 91 - 100 av 244 |