|
Setrevandring på Sevlandsetra |
|
lørdag 25. september 2010 |
Terese og Rita inviterer deg til å vere med på Sætrevandring på Sevlandsætra søndag 26.september. Vi møtast ved Varmestova på Harpefossen kl.1200, for dei som vil køyre innover. Dei som vil spasere inn må gjerne gjere det, men då bør dei nok starte å gå litt før...
Vi spanderer sveler og kaffi, og har med oss kjentmann Arnulf, som vil fortelje historier frå sætredrifta før i tida.
VELKOMMEN SKAL DU VERE!
|
|
|
9 av 12 master er på plass |
|
søndag 19. september 2010 |

14. september kom fyrste trailerlasset med master, hjulbatteri og ståltauet til Kjenndalsheisen. Oddgeir og Bjørn har brukt siste dagane til montering, og pr i dag er 9 av dei 12 mastene på plass.
Dugnadsarbeidet på Servicebygget har også hatt god framdrift siste tida. Dugnadsgjengen nytta høvet til å hente grastorv i Bjørhovdemyrane, der anleggsmaskinene snart er i gang med bygging av gang- og sykkelveg, og no er torva komen på plass på taket på Servicebygget.
Vi har lagt ut nokre nye bilete i fotoalbumet, du finn dei her...
|
|
|
Bygging av Kjenndalsheisen er i rute |
|
lørdag 21. august 2010 |

Takka vere god innsats av dei tilsette i skisenteret og stort oppmøte på dei faste dugnadskveldane og laurdagar, er bygging av den nye heisen i god rute. Dugnadsinnsatsen har så langt vore mest innretta mot heishuset, som no snart er ferdig utvendig.
Vegen til topps er no godt køyrbar, og vi har også fått ny veg til toppen av dei gamle heisane, noko som lenge har vore sakna. Dette vil føre til at vi kan gjere meir av vedlikehaldsarbeid og reparasjonar i sommarhalvåret.
Vi er også komne langt med støyping av fundamenta til heismastene. Vi har leigd inn ein dumper med betongtrommel som vi brukar til dette arbeidet, og på den måten slepp vi å leige helikoptertrasnport som ellers ville vore alternativet. Det er store mengder betong som skal transporterast. Berre til toppfundamentet gjek det med ca 40m3.
Sjå fleire bilete frå arbeidet her..
|
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 81 - 90 av 244 |