|
Kronerulling til innventar i servicebygget |
|
fredag 12. november 2010 |
|
Mange har lagt ned stor dugnadsinnsats i det nye servicebygget på Furuhogane. Vi veit også at det fins mange som ikkje har hatt anledning til å vere så mykje med på dugnadsarbeidet, men som likevel kan tenkje seg å bidra til at servicebygget blir eit trivelig sentrum i det nye skianlegget. Vi startar derfor no ei kronerulling til innventar i bygget. Vi har opprettta ein eigen konto i Sparebanken Sogn og Fjordane til dette formålet.
Kontonummeret er 3705 18 59538.
Her kan du betale inn det beløpet du ynskjer å bidra med. Oversikt over innbetalte beløp finn du her, og vi vi sjølvsagt etterkvart skildre med tekst og bilete kva pengane blir brukte til.
På førehand takk for alle bidrag!
|
|
|
Harpefossen Skisenter - Gasellebedrift 2010 |
|
tirsdag 09. november 2010 |
|
Midt i ein svært travel og hektisk perode med montering av ny heis, bygging av servicebygg og klargjering til ny sesong, fekk vi eit hyggelig brev i posten her om dagen. Brevet var frå Dagens Næringsliv (DN) og kunne fortelje at Harpefossen Skisenter AS var hamna på lista over Gasellebedrifter 2010.
Sidan 2003 har DN sett opp ei liste over bedrifter i landet som har vist ekstra positiv utvikling dei siste fire åra, og no er altå vi komne på lista for 2010, basert på resultata for perioden 2006-2009.
Her er DN sine krav for å kome på denne lista:
* Levert godkjente regnskaper.
* Minst doblet omsetningen over fire år.
* Omsetning på over én million kroner første år.
* Positivt samlet driftsresultat.
* Unngått negativ vekst.
* Vært aksjeselskap.
Dette var ei hyggelig og inspirerande melding å få no i starten av det som heilt sikkert blir ein krevande og travel vinterseong!
|
|
|
tirsdag 09. november 2010 |

I går kveld blei snøproduksjonen starta opp for fyrste gon denne sesongen. Vi har hatt 8-10 minusgrader i natt, og det er meldt kaldt og fint ver dei komande dagane. Postvegen innover til Sevlandsetra er preparert med traktor og rull, så her går det godt an å gå på ski.
|
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 71 - 80 av 244 |