|
Kjenndalsheisen ein suksess |
|
mandag 27. desember 2010 |
|

Den nye heisen på Furuhogane har vore i drift to veker no, og den har blitt svært godt motteken av publikum.
Målet med å bygge ein ny heis lenger aust og høgare oppe i fjellet, var å gje skisenteret ein ny dimensjon og enda eit bein og stå på, og så langt har forventningane blitt rikelig oppfylte. Heisen gjev publikum tilgang til nye familievenlege nedfartar, og store område til frikøyring i laussnøen, både i skogsterreng og ope lende.
På dager som dette med høgtrykk, kaldt ver og lav sol, viser det seg at temperaturen ved påstigninga ved Kjenndalsheisen ligg 4-5 grader høgare enn nede ved Varmestova, og når ein kjem opp i sola ved mast 2-3 stig temperaturen enda nokre grader, i tillegg til velværet ein kjenner ved å kome opp i sollyset.
Tilstrøyminga av folk disse to fyrste dagane i romjula har vore svært bra, og dei fleste har funne vegen opp til den nye heisen. Statistikken i billettsystemet viser at ca 300 personar har vore innom kvar av dagene. Vi har hatt ei billettomsetning på ca kr 150.000 på dei to fyrste juledagane til saman, og vi har allereie med god margin passert ein million i omsetning for sesongen totalt. Dette skuldast selvfølgelig ikkje berre den nye heisen, men heng også saman med tidlig vinter og stabile og fine snø- og verforhold, som gjev godt salg av sesongkort.
Vermeldingane for romjula lovar fortsatt kaldt vinterver, men med påfyll av puddersnø litt utover i veka, så det blir rikelig høve til å prøve både turski og alpinutstyr.
|
|
|
onsdag 22. desember 2010 |
|

For tida toppar vi Skiinfo si liste over snømengde i skianlegga i Norge, med 110 cm på toppstasjonen. Snømengda er målt i området bakanfor avstigniga på fjellheisane.
Her er heile lista:
|
|
|
lørdag 18. desember 2010 |
|
18.desember 2010 blir ein merkedag i skisenteret si historie. Draumen om heis på Furuhogane er blitt realisert, og skisenteret har så absolutt fått ein ny dimensjon.
På grunn av at vi framleis har lite snø i heistraseane, såg vi at mange av dei minste hadde vanskar med å kome seg til topps med fjellheisane. Vi vil fylle på meir snø under Hammaren til i morgon, dessutan vil vi rydde parkeringsplassar på Furuhogane, slik at dei som er usikre på å reise til topps med fjellheisen kan parkere på Furuhogane. NB! Heiskort må kjøpast nede i skisenteret.
|
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 61 - 70 av 244 |