Januar 2012. Vi ynskjer alle eit godt nytt år og vel møtt til mange fine skidagar på Harpefossen i 2012. Avslutninga av 2011 og fyrste dagane i 2012 var prega av opprydding etter uveret, men no er situasjonen normal med opne heisar, nedfartar og løyper.
Føremelding søndagsøndag 05. februar 2012I dag kan vi melde om lette snøbyer, 3-4 minusgrader og nokre få cm nysnø. Alle heisar i drift og alle nedfartar og løyper er nypreparerte. Fine forhold og fint skiføre, men ein del vind og dårlig sikt oppe i fjellet, så det er ikkje køyrt løype bakover i fjellet i dag. Fellestart skiskyting på skiskyttarstadion.
Vasking i Servicebygget
torsdag 03. februar 2011
Servicebygget på Furuhogane er no snart klart til bruk, men vi må vaske litt før vi kan gjere det heilt ferdig. Golvflisar, tak, veggar og vindu treng vasking, så her er arbeid til dei som har tid og lyst på fredag ettermiddag frå klokka 18:00. Ta med vaskeutstyr og godt humør!
Flott innsats av alpinistane i Sogn
onsdag 02. februar 2011
9 av alpinistane i Haugen IL konkurrerte i Sogn sist helg. Laurdag var dei med i Hodlekverennet i slalåm og søndag var det storslalåm. Begge renna tel som kvalifisering til hovudlandsrenn og landsfinale. Dei tre 15-åringane Lasse Englund Espe, Mats Engeland og Åge Solheim viste at dei er mellom dei beste i si klasse i fylket, ved å ta alle dei tre plassane på pallen begge dagar. Andrea Englund Mårstøl vann klasse J 12/13 i slalåmrennet og blei nummer 2 i storsalåm. I denne klassen blei Kaisa Englund Espe nr 6 i slalåm og nr 3 i storslalåm. I klassen gutar 12/13 blei Elias Åsebø nr 2 i storslalåm og blei diska i slalåm.
Ellers deltok Emma Åsebø, Hege Solheim og Ivar Engeland i klasse 10 og 11 år
Fyrstemann til mål!
mandag 31. januar 2011
ca 45 unge og ivrige skiløparar deltok på skikcrosskonkurransen i skileikområdet i går. Konkurransen er ein del av samarbeidet vi har med Sparebanken Sogn og Fjordane og var open for alle med ski og snøbrett. Denne gongen var det berre skiløparar som deltok. 4 løparar startar samtidig og så er det fyrstemann til mål. Klassevinnnarane blei kåra etter plasseringane i dei tre omgangane. Premiar til alle. Du kan sjå bilete frå konkurransen her..