|
Bigjumpkonkurranse og skicross |
|
tirsdag 19. april 2011 |

Bigjump: Skjærstorsdag blir det spektakulær bigjumpkonkurranse på Furuhogane.
Påmelding frå kl 12.00. Start klokka 13.00.
Luftige og lange svev for ungdomar i alla aldrar med ski eller snøbrett.
Fine premiar!
Skicross: Langfredag blir det Skicross-konkurranse i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane.
Påmelding frå klokka 12.00. Start klokka 13.00
Klasser for gutar og jenter, ski og snøbrett.
Fartsfylt og spanande konkurranse i ei løype med svingar, kular og hopp. Fire og fire startar samtidig, og så er det fyrstemann til mål. Premiar til alle!
|
|
|
torsdag 14. april 2011 |

Webkamera på Furuhogane torsdag 14. april kl 09.28
No er det berre to dagar igjen til palmelaurdag og starten på påskeferien for mange. Sidan påska er svært sein i år har det vore knytta spaning til om snøen vil kunne vare til over påske. På grunn av ein svært snørik og kald vinter kan vi meddele at vi enno har bra med snø i alle nedfartar og turløyper, slik at vi kan tilby fine forhold og gode opplevingar til alle, både dei som ønskjer turar i løyper eller til fjells, og til dei som vil boltre seg i fjellsidene på ski eller brett.
|
|
|
Ingen fare med påskesnøen |
|
fredag 01. april 2011 |
|
Sjølv om vi no ser ut til å gå mot ein periode med mildare vêrforhold er det ingen fare med påskesnøen på Harpefossen. På Furuhogane har det knapt minka på snøen i det heile tatt, mens i lavlandet har det minka litt frå toppnivået i måndskiftet februar/mars, men framleis har vi ein hardstampa såle som er godt over ein meter tjukk i alle nedfartar og turløyper.
|
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 31 - 40 av 244 |