|
Sprenging og planering på Hammaren |
|
onsdag 02. november 2011 |

I høgde med skoggrensa har vi ein fjellhammar i heistraseen til Fjellheisane, der avstanden mellom heiswiren og snødekket har vore litt for stor i periodar med lite snø. Somme av våre gjester, spesielt dei litt yngre, har opplevd at dei her er blitt letta opp frå underlaget på heisturen mot toppen. Dette resulterer gjerne i at dei ramlar av medbringaren, og det er ikkje spesielt trivelig. Vi har lenge hatt på arbeislista vår å få gjort noko med dette, og no for nokre veker sidan blei borerigg og gravemaskin frakta opp i området. Området er sprengt og planert, så no kan dei yngste gjestane våre ha ein hyggelegare heistur til toppen, sjølv i periodar med lite snø.
|
|
|
Mange nye hytter i sommar |
|
mandag 26. september 2011 |

Etter ein liten dupp i salet av hyttetomtar under og etter finanskrisa, har salet teke seg opp igjen dette året, og det ser ut til at Harpefossen Hyttegrend oppnår målsettinga om 15 selde tomter i 2011. Dette syner også igjen i byggjeaktiviteten både på Furuhogane og Naustdalsetra, der vi ser at mange nye hytter er komne opp i løpet av sommaren.
Her kan du sjå oversikta over ledige og selde tomter,storleik og prisar.
Oversiktskart
|
|
|
Bilete frå konglevandring |
|
lørdag 13. august 2011 |
Det var stor oppslutning om konglevandringa sist søndag. Ca 150 barn og vaksne møtte fram og hadde nokre trivelige timar med mange forskjellige aktivitetar.
Vi har laga eit album med mange bilete frå arrangementet, og desse kan du sjå her:
|
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 21 - 30 av 244 |