|
Landsfinalen i alpint for 12/13 år |
|
fredag 27. mars 2009 |
Det er fem alpinistar frå Sogn og Fjordane som er kvalifiserte til landsfinalen, fire av dei er frå Haugen Alpin, det er Lasse Englund Espe, Simen Andreas Nord, Mats Engeland og Åge Solheim.
Renn program:
Onsdag 25/3: Frammøte
Torsdag 26/3: SG trening
Fredag 27/3: SG renn
Lørdag 28/3: SSL renn
Søndag 29/3: SL renn
Alle renn foregår i Skillevollen Alpinsenter i Mo i Rana. www.ranaslalomklubb.no
|
|
|
Enno vinter på Harpefossen |
|
fredag 27. mars 2009 |
Sjølv om det er vårstemning langs fjorden og i hagane til folk, har vi fortsatt vinter og fine skiforhold på Harpefossen, og no ser den ut til at vi endeleg får ei helg med fint vêr, skal vi tru vêrmeldingane.
Mars har så langt bydd på lite sol og lite realt vinterver. Snøgrensa har for det meste blitt liggande rundt Lystlihogjen, ca 400 m.o.h., så det har minka på snøen rundt heisstasjonane, mens det det har auka med snø oppe i fjellet. Det er såleis kunstsnøen som gjer oss i stand til å ha opne heisar og gode forhold i nedre del av skibakkane. I øvre del av løypene har vi rikeleg med natursnø og forholda er glimrande. For tida er det også kjempeflotte forhold for turar innover i fjellet, og i helga vil det bli køyrt løype i Kjenndalen og på Steineggja. Turløypa på Brekka vil også bli preparert etter behov.
Vi håpar fortsatt på at vi kan få påfyll av litt meir natursnø, og vi står klar til å starte opp snøproduksjonsanlegget så snart vi får ei natt med mange nok minusgrader, slik at vi kan tilby best mogeleg forhold til påskeutfarten.
Kveldskøyring i kveld 17.30 - 20.30. Det er lenge lyst kveldane no!
|
|
|
Merkerenn og skiskytingens dag søndag |
|
fredag 13. mars 2009 |
Haugen IL arrangerar lags- og merkerenn på Harpefossen komande søndag kl 13.00. Påmelding frå klokka 12.00
Same dag klokka 14.00 vil det bli høve for alle frå 8 år og oppover å prøve skiskyting. Skiskyttarmiljøet treng meir rekruttering og nye skiskyttarar. Kanskje dette er noko for deg? Skiskyttargruppa på Stårheim stiller med utstyr og instruktørar. Alt vil foregå på skiskyttarstadion på Harpefossen, der det er blinkar og ”nesten” like forhold som på TV.
|
|
|
|
<< Start < Forrige 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 161 - 170 av 244 |