|
Informasjon frå alpingruppa, Haugen IL |
|
onsdag 16. september 2009 |
|

Alpingruppa i Haugen IL har tilbod til skiløparar i alle aldrar som ynskjer å drive med alpinsport, uansett nivå. Alpin er ein glimrande familieaktivitet, der alle har moglegheit å utfolde seg på eigne premissar, samtidig som ein er saman i bakken. I tillegg får ein anledning å vere ute i frisk luft og i nærkontakt med elementa.
I menyen på toppen av sida finn du Haugen Alpin sine sider på "klubben online" og du finn ei eiga side med aktuell informasjon framfor den komande skisesongen. Informasjonen er basert på ein folder som du kan laste ned her...
|
|
|
Oppdatert informasjon om hyttefelta |
|
onsdag 02. september 2009 |
|
Vi har no lagt ut oppdaterte kart og prislister over Hyttefelta FB6 og FB7, som viser kva for tomter som er selde og kva som er ledige. Alle oplysningar finn du ved å gå inn på hyttefelta frå menyen til venstre på sida.
|
|
|
Liv og røre på Smørdal Camping |
|
mandag 24. august 2009 |
|
Vi som ofte køyrer vegen til Harpefosssen, har lagt merkje til stadig meir liv og røre på Smørdal camping siste året. Både sist vinter og no i sommar har plassen vore full av campingvogner, og der har vore stor aktivitet med bygging av terrassar og spikartelt. Vi var innom ein tur sist laurdag, etter dugnaden i skisenteret, og der trefte vi ein gjeng blide og trivelige born og vaksne, som var opptekne med forskjellige aktivitetar, og som tydeligvis hadde det både sosialt og kjekt.
Campingplassen til sals.
Per Smørdal, som eig og driv plassen saman med kona, fortel at plassen er nesten fullbooka, men at der framleis fins ledige plassar. Han er glad for den auka trafikken, og fortel at denne sommaren har svært mange av vognene vore på plass heile tida, i motsetning til tidlegare år, då dei fleste reiste andre plassar i sommarsesongen.
Av forskjellige årsaker ønskjer Per Smørdal at andre kunne ta over drifta av campingplassen, og den er lyst ut for salg på Finn.no. Annonsa finn du her..
Sjå fleire bilete...
|
|
Les meir...
|
|
|
|
<< Start < Forrige 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 151 - 160 av 244 |