|
Snøproduksjonen er i gong! |
|
tirsdag 10. november 2009 |
|

Vi har gått og trippa for å kome i gong med snøproduksjonen siste dagane, og i kveld var temperaturtilhøva såpass bra at vi starta opp kanonene i "kuldegropa" nederst i anlegget. Her ligg temperaturen rundt 5 minusgrader. Med såpass høg luftfukt vi har no og høgare temperatur oppover i bakkane, er forholda for snøproduksjon i grenseland, men vi reknar med at kvikksølvet kryp litt nedover utover natta.

Det er ihvertfall fint å vere i gong, synest Oddgeir Åsebø og Tore Kroken Karlsen
|
|
|
tirsdag 10. november 2009 |
|
Klikk her for å sjå stort bilete...
Dei fyrste hyttene på Furuhogane er komne under tak, og på biletet ser vi at det det kanskje ikkje dreiar seg om slott, men temmelig store hytter, med fantastisk plassering i terrenget og flott utsikt i alle retningar. Dalstasjonen til den planlagde heisen ligg rett bakanfor hyttefeltet, og vi ser den lysande Ljøsureggja i bakgrunnen.
Interessa for tomtene har vore stigande siste tida, men der fins enno mange ledige tomter både på Furuhogane og Naustdalsetra. Ta gjerne ein prat med Reidar Vonheim om du er interessert.
|
|
|
tirsdag 03. november 2009 |
Rita Nyland, som no skal stå for drifta av varmestova, vil gjerne bli kjend med miljøet og driftsapparatet i skisenteret. Ho inviterar derfor alle som tilhøyrer dugnadsapparatet i skisenteret til supperåd i varmestova fredag 13 november klokka 20.00.
Den høgst uformelle agendaen vil sjå om lag slik ut:-
Velkomen kl.20:00.
Presentasjon: Kort om mine tankar rundt drifta av Varmestova, og ei presentasjonsrunde rundt bordet.-
Supperåd med mat, prat, godt drikke og alt som høyrer til. Det er fritt fram til å bidra med innslag så lenge det ikkje går ut over andre folk eller inventar (-:
Ber om svar/påmelding innan 9.november til e-post
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
eller telefon 975 99086
Ta gjerne med ”din betre halvdel”!
HJARTELEG VELKOMMEN !!!!!!
Helsing Rita.
|
|
|
|
<< Start < Forrige 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 141 - 150 av 244 |