|
Kulden stoppa KM skiskyting |
|
fredag 08. januar 2010 |
|
Idrettslaga til Stårheim og Heggjabygda skulle arrangere KM skiskyting denne helga, men då arrangørane inspiserte stadion og løypene i går kveld, viste termometeret 27 minusgrader. Sjølv om det er varsle litt mindre kaldt i helga vil det trulig fortsatt vere temmelig kaldt i skiskyttaranlegget, som ligg heilt nede ved Hjalma, der sola ikkje når fram enno, så arrangørane valde å avlyse. Det er ikkje bestemt kvar eller kva tid KM blir avvikla.
|
|
|
onsdag 06. januar 2010 |
|

Fredag 8. januar kl 18.00 i barneheisen og skileikområdet. Kurset er ope for damer i alle aldrar, og vil gje opplæring i grunnleggande skiteknikk på alpinski. Kurset er gratis, men du må ha kort i heisen.
Påmelding ved oppmøte (i god tid) eller på telefon til Aud Espe Haraldsen 908 74 518. Arrangør er Haugen Alpin i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane.
Etter kurset anbefalar vi eit besøk på Varmestova, der Rita vil by på god mat og godt drikke. Afterski med open bar etter stengetid i heisane.
|
|
|
Tippaskogløypa - opptur for turfolket! |
|
søndag 03. januar 2010 |

Den nye rundløypa frå Harpefossen, gjennom Tippaskogen til Sevlandsetra, og tilbake til Harpefossen langs Postvegen, er no fint preparert og klar til bruk. Løypa er 7,5 km lang og går i lett og fint kupert terreng, og har blitt svært godt motteken av dei som er glad i gå på langrennski, skøyting eller klassisk.
På sørsida passerar du Tippasetra og Nakkesetra og har kjempeflott utsikt til skibakkane og hyttefelta. Når du kjem til idylliske Sevlandsetra kjem du inn på løypa langs Postvegen. Vi anbefalar at du tar avstikkaren opp bakken til Brekka. Her er fantastisk flott utsikt utover Hjelmelandsdalen og fjellheimen i vest. Du får ei frisk utforkøyring ned igjen, og så går turen attende til Harpefossen gjennom det særprega setremiljøet på Bjørhovdesetra og Naustdalsetra. Etter ein slik tur smakar svelene og kakaoen på Varmestova ekstra godt.
God tur!
|
|
|
|
<< Start < Forrige 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 131 - 140 av 244 |