|
søndag 31. januar 2010 |
|

Etter det store snøfallet siste dagane er det stor rasfare i fjellet. I ettermiddag blei det slege alarm då folk på Dalset observerte at det hadde gått eit ras øverst i Daleheida. For dei som ikkje er lommekjende i området, kan vi fortelje at dette ei fjellside som vender vestover, på vestsida av skisenteret. Det hender at folk står på ski i dette området, og for å vere på den sikre sida blei området undersøkt frå helikopter, og heldigvis blei det slege fast at det ikkje var spor etter folk i nærleiken.
|
|
|
Hodlekverenna er flytta til Harpefossen |
|
tirsdag 26. januar 2010 |
Skikrinsen har i dag sendt ut følgjande melding:
Grunna forholdet til turistane og dei marginale snøforholda ved Sogn Skisenter blir Hodlekverenna i alpint flytta.
Arrangementet til alpingruppa i Sogndal IL 30.-31. januar blir flytta til Harpefossen Skisenter.
Ny arrangør er alpingruppa i Haugen IL.
Årsaka til at rennet blir flytta er forholdet til turistane, samt noko marginale snøforhold i Sogn Skisenter (Heggmyrane).
Frå skisenteret si side har ein fått tilbod om å gjennomføre eit kveldsrenn laurdag og eit morgonrenn søndag med start kl. 08.00. M.o.t. dei tilreisande frå sunnfjord og nordfjord samt dei yngste alpinistane er ein så tidleg rennstart svært lite gunstig.
I samråd med TD har ein difor valt å flytte rennet til Harpefossen Skisenter.
Innbyding, informasjon og online påmelding til arrangementet på Harpefossen finn ein her
Vi kan legge til at renna gjeld som kvalik. renn til Hovedlandsrenn og Landsfinale. Det er ope for alle klassr frå 10 år, og etter terminlista skal det køyrast storslalåm på laurdag med start kl 15.00 i barnetrekket og kl 16.00 i hovudtraseen. Søndag er det slalåm med start i hovudtraseen kl 11.30 og i barnetrekket kl 13.30.
Å ta over eit såpass stort arrangement på så kort varsel blir nok litt å bite i for oss alle, men det er meldt fint vinterver dei komande dagane, når vi berre blir ferdige med lavtrykket som skal passere oss i natt og i morgon føremiddag, og då er alt mykje lettare.
|
|
|
fredag 22. januar 2010 |
|
Natt til tysdag hadde vi besøk av frekke og ubedne gjester i garasjen vår. Ein eller anna gong i løpet av natta har dei brote seg inn, opna porten og reist av garde med det meste av verktøyet vårt. Vi har ikkje nøyaktig oversikt over verdiane enno, men det dreiar seg om verktøy og utstyr for mellom 50- og 100 000 kroner. Saka er anmeldt til politiet, og dei er interesserte dersom nokon har tips i saka.
|
|
|
|
<< Start < Forrige 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 121 - 130 av 244 |