|
Snøskredkurs og måneskinnstur. |
|
fredag 26. februar 2010 |

Vi arrangerar 3 timers introduksjonskurs i vurdering av snøskred og bruk av sender/mottaker utstyr laurdag 27. februar kl 17.30. Eit must for alle som likar å kjøre laussnø! Vi ordnar alt utstyr.
Dersom det blir klarver og måneskinn denne kvelden, inviterar vi til skitur i måneskinn. Vi tek heisen opp og brukar området på toppen av skianlegget. Ei magisk oppleving!
Send gjerne ein sms til kurshaldar Rogier , tlf 99404207, om du ønskjer å vere med på dette.
Husk afterski!
Rita inviterar til god OL-stemning og afterski på varmestova både fredag og laurdag denne helga.
|
|
|
torsdag 25. februar 2010 |
|

Alpinorientering er ein konkurranse som går over heile sesongen, brukar heile alpinanlegget og passar for alle som ferdast i løypene våre. Vi har laga denne konkurransen i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane, og no er alle postane på plass
I alpinorientering gjeld det å finne alle postane som er merka på eit løypekart, og å finne riktig svaralternativ på spørsmålet som høyrer til posten. Den bokstav som høyrer til riktig svar fyllast inn i kolonna for posten på kartet. Saman vil bokstavane danne eit løysningsord. Kart kan kjøpast i billettbuda for kr 50,- og frist for innlevering av riktig svar er 4. april. Gratis for kundar i Sparebanken Sogn og Fjordane. To vinnarar får kvart sitt gåvekort på kr 5.000,- på sportsutstyr frå Chatlet og G-sport. Ein vinnar trekkast, mens den andre vinnaren er den med flest riktig svar og flest køyrde turar i trekket i løpet av sesongen.
|
|
|
Skicross - bordercross i morgon |
|
lørdag 20. februar 2010 |

Søndag 21. februar arrangerar Harpefossen Skisenter i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane (SSF) ski og boardercross renn på Harpefossen. Løypa vert frå toppen av barnetrekket og det blir klasser for både ski og snøbrett, barn, ungdom/vaksne, jenter og gutar. Løypa består av både kuler, porter, hopp og anna, og det køyrer 4 løparar samtidig. Konseptet er enkelt; fyrstemann ned! Konkurransen er uhøgtidelig og open for alle uansett ferdigheiter. Vi køyrer så mange omgangar som skal til for å kåre ein vinner i kvar klasse, men ellers blir det premie til alle. Påmelding i heisbua, avgift kr 50,-. Gratis for kunder i SSF. Start kl 13:00.
|
|
|
|
<< Start < Forrige 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 111 - 120 av 244 |