|
fredag 26. mars 2010 |
|

Harpefossen toppar ikkje lenger lista over skisenter med mest snø i landet, slik vi gjorde for ei veke sidan. Men fortsatt har vi rikelig med snø både oppe i fjellet og nede i lavlandet, med ei kraftig sole kunstsnø i botnen og store haugar med kunstsnø i reserve, om det skulle minke somme stader, så vi er klare til å ta imot alle som ynskjer å bruke påska til aktivitetar på ski eller snøbrett. Både alpintrasear og turløyper vil bli preparerte daglig, og vi reknar med å køyre løype bakover i fjellet til Steineggja frå laurdag og etter behov utover i påska. Dei litt spesielle snøforholda denne vinteren gjer at fortsatt må advare om snøskredfare i bratte skråningar. Vi minner om konkurransen i alpinorientering som varer til over påske og sjanse til å vinne flotte premiar, og om fotokonkurransen der det også er sett opp fine premiar
Lista med aktivitetar i påska er lang: : Alpinorientering, bigjumpkonkurranse, lagsmeisterskap i paralellslalom, skicrosskonkurranse, Telenorrenn alpint, igloobygging, akekonkurranse med servering og afterski i gapahuken, afterski med mannekengoppvisning og show med Holmen Motor på varmestova, og i tillegg til alt dette så vil nok påskeharen vise seg daglig.
|
|
|
Innflytting på Furuhogane |
|
fredag 26. mars 2010 |

Denne veka flytta Aud og Jarle Torheim inn i den nye hytta si på Furuhogane, som dei fyrste i dette feltet. Hyttebygginga blei oppstarta i september i fjor, og no kan dei lukkelige hytteeigarane nyte nokre feriedagar i påska før travle arbeidsdagar ventar i gartneriet på Torheim, som er arbeidsplassen og livsverket deira.
|
|
|
Krinscupavslutninga i skiskyting |
|
fredag 19. mars 2010 |

Stårheim IL Skiskyting har tatt på seg å arrangere krinscupavslutninga i skiskyting som måtte avlysast i Vik denne helga. Renna vert på Harpefossen. Det vert no også høve å få gå renn for dei som ikkje var påmelde til Vik. Påmelding innan kl. 23:00 i dag fredag til
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
Det vert sprint på laurdag og jaktstart på søndag.
INNSKYTING LAURDAG 11:30-13:45, START kl 14:00 slik at Vikjene rekk å køyre om Høyanger no som Kjøsnesfjorden er stengt. Rennet søndag startar kl 12:00. Stårheim IL sender ut info til alle klubbar i løpet av kvelden. Er noko uklart, ta kontakt med Nils Magne på mob 975 69 018.
|
|
|
|
<< Start < Forrige 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 101 - 110 av 244 |