|
Nyttig kurs laurdag og søndag |
|
fredag 27. januar 2012 |

To dagars skredkurs med kort teoriøkt og mykje praksis i snøen. Grunnleggande opplæring om trygge veivalg, bedømming av snøen, bruk av sikkerhetsutstyr og skredredning.
Laurdag startar vi kl 10.30 i Varmestova.
Ta med sikkerhetsutstyr, (spade, sonde, skredsøkjar) litt mat og drikke så ordnar vi resten. Pris: kr 1500,-. Dekkjer kursavgift, heiskort og lunsj for 2 dagar.
Ei rimelig livsforsikring for alle som likar køyring i laussnø.
Påmelding til kurshaldar Rogier van Oorschot. tlf 994 04207
e-post:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
|
|
|
Nytt tilbod på Harpefossen |
|
torsdag 19. januar 2012 |
|

I nye lokale i tilknyting til skiutleiga i kjellaren på Varmestova har vi etablert ein ny skiverkstad. Vi har kjøpt inn maskiner til sliping og preparering av ski og snøbrett, og dei ansvarlege for verkstaden har fått opplæring i bruk av utstyret.
Her kan du få utført reparasjonar og vedlikehald av ski og snøbrett til rimelige prisar. Har du fått sår og riper i sålen på skia så kan du få dette reparert her, og dei fleste vil kunne ha god nytte av å få slipt ny struktur og voksbehandla sålen på skia eller snøbrettet sitt. Tilbakemeldingane frå kundane som har nytta seg av tilbodet så langt har vore svært positive.
Her finn du meny og prisliste for verkstaden
|
|
|
torsdag 19. januar 2012 |
|

Også i år var opplever vi at mange vil vere med på skiskulen vår. Ca 70 born mellom 5-10 år møtte fram til fyrste skuledagen i går. Litt vått og surt ver såg ikkje ut til å legge dempar på hverken humøret eller innsatsviljen til deltakarar og instruktørar. Ein del av elevane har liten erfaring med slalåmski frå før, men med god hjelp frå flinke instruktørar lærer dei seg plogsving og grunnleggande skiteknikk, så i løpet av dei to fyrste skuledagane vil dei aller fleste bli i stand til å ta skiheisen på eiga hand. Vi har laga eit fotoalbum som vi vil fylle på med nye bilete etter kvar av skuledagane. Albumet finn du her..
|
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 1 - 10 av 243 |